Lokal | 09. mai 2016

Homie har vore sakna i to dagar

Den elles så rolege hunden stakk frå toppen av Borgafjellet laurdag kveld. Har du sett han?

Homie har vore sakna i to dagar
Hunden Homie stakk frå toppen av Borgafjellet laurdag kveld og er framleis sakna. Han hadde på seg same sele som på bildet. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 09. mai 2016 08:43

Hunden Homie er 7 år. Eigarane har hatt hunden sidan han var kvalp og fortel at han aldri har stukke av før.

– Han er roleg og ikkje ein type hund som oppsøker folk han ikkje kjenner. Han held seg stort sett i beina på deg, fortel Kristian Hellebø.

Det var slektningar som hadde hunden med på tur då han forsvann laurdag i 20.30-tida.

– Dei hadde gått til Borgafjellet frå toppen av Hjelle, og akkurat byrja å gå ned igjen då hunden snudde og gjekk tilbake. Sidan har dei ikkje sett han.

Veit ikkje om han har kome ned frå fjellet

Midtsiden la ut etterlysing på Facebooksida vår på vegne av eigar søndag kveld.

Det var mange folk på tur og motbakkeløp i fjella i Os i finvêret søndag. Fleire har delt og kommentert, men ingen har førebels sagt at dei har sett hunden.

– Det er ein blandingsrase med trekk frå border collie. Han hadde på seg samme selen som på bildet, fortel Hellebø.

– Vi skjøner ikkje kva som har gått av han og veit ikkje om han har kome ned igjen frå fjellet. Men vi blir veldig glade om nokon kjem med tips om dei har sett eller høyrd noko.

Hundeeigar når du på telefon 977 11 321.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.