Tatt ut til EM i London
Ariel Braathen (16) er ei av fem norske kvinner som er tatt ut til EM i London (senior) i mai.
Ariel, som fyller 17 år i mai, kjem stadig nærmare A-kravet til OL i Rio i august.
100 meter bryst: B-kravet er på 1.10,22, A-kravet er på 1.07,85.
200 meter bryst: B-kravet er på 2.32,08, A-kravet på 2.26,94
I vinter, i tunge treningsperiodar, sette ho nye personlege bestenoteringer på både 100- og 200-meteren.
Etter å ha gjort reint bord i NM kortbane (senior), der ho tok 5 gull og sette 2 noregsrekordar, var det i helga tid for Swim Open Stockholm, kvalifiseringsstemne på langbane.
– Forventningane var ikkje så store grunna lett sjukdom, men det endte veldig godt til slutt, skriv Ariel på eigen Facebook-side.
Ho tok ikkje steget opp til A-kravet, men sikra B-kravet på 100 meter med god margin.
1.09,83 er dessutan ny norsk juniorrekord!
Også på 200 meter blei det ny personleg rekord med 2.31.44. Då fekk ho òg plass i A-finalen. På 50 meter var ho nær eigen pers. På 50- og 100-meteren blei det B-finale.
Tatt ut til EM
No får Ariel nye sjansar til å visa kva ho er god for.
Først skal ho vera heime ei veke, så ventar tre veker med landslaget på høgdetrening i spanske Sierra Nevada.
No er ho òg tatt ut til EM.
Landslagssjef Petter Løvberg har tatt ut 11 svømmarar, 6 menn og 5 kvinner, til europameisterskapen på langbane i London 16.-22. mai 2016.
Desse svømmarane frå Vestlandet er med til EM:
Sverre Næss, Bergenssvømmerne
Markus Lie, Bergenssvømmerne
Ariel Braathen, BSC
På svomming.no kan du sjå heile uttaket.
Les òg: Ariel si siste ferd mot OL