Sport | 02. apr. 2016

Første gang under 1.10

Ariel Braathen senka persen med 41 hundredel og svømde inn til 3. plass i B-finalen på 100 meteren i Stockholm. Klarte igjen B-kravet til OL.

Første gang under 1.10
Ariel Braathen kan sjå tilbake på eit godt stemne i Stockholm (arkivfoto)
Andris Hamrelaurdag 02. apr. 2016 17:07

Fredag satte Ariel Braathen personleg rekord på 200 meter brystsvømming med tida 2.31.44 under Swim Open Stockholm, noko som er under B-kravet til OL.

I dag gjorde ho det same på halve distansa, 100 meter bryst. Ariel hadde 10. beste tid i forsøket og kvalifiserte seg med det til B-finalen.

I finalen fekk ho tøff konkurranse, halvvegs i løpet låg ho på 4. plass med tida 33.13. I siste del av løpet svømde ho seg opp og slo i bassengkanten som nummer tre på tida 1.09.83. Vann gjorde polske Dominika Sztandera.

Ariel satte med det ny personleg rekord med 41 hundredel, svømde for første gang under den magiske 1.10-grensa og var eit hav foran B-kravet til OL som er på 1.10.22. I tillegg er tida ny norsk junior-rekord.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.