Lokal | 02. des. 2016

Tatt i 60 km/t i 30-sona

Ein mann i 50-åra blei køyrd frå busskur til «drukkenskapsarrest», ein mann i 30-åra blei fotgjengar.

Tatt i 60 km/t i 30-sona
Ein mann som køyrde i 60 km/t i 30-sona mellom Storum og krysset ved Hagavik Hjemmebakeri blei onsdag tatt av UP. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 02. des. 2016 09:46

Tysdag skreiv UP ut 25 forenkla forelegg og gjorde eitt førarkortbeslag i Os.

Onsdag var dei tilbake på Lepsøyvegen, men då sjekka dei farten i 30-sona mellom Hagavik Hjemmebakeri og Storum, der det pågår vegarbeid.

– Her blei det skrive to forenkla forelegg, i tillegg blei det førarkortbeslag då ein bil blei målt i 60 km/t i 30-sona, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Vedkomande er ein mann i 30-åra.

Full 50-åring til sjenanse for publikum

Onsdag blei ein mann som sat og drakk på busshaldeplassen i Os sentrum fjerna av politiet.

– Vedkomande var til sjenanse for publikum og drakk på offentleg plass.

– I tillegg var han verbalt ufin og blir meldt for forulemping av offentleg tenestemann.

Vedkomande, ein mann i 50-åra, blei køyrd til arresten i Bergen.

Mann i 40-åra utan førarkort

Ein av dei involverte i kollisjonen på Haugsneset torsdag ettermiddag er meldt for uaktsam køyring og det er tatt beslag i førarkortet hans. Mannen samtykka i beslaget.

I 21-tida torsdag kveld blei ein «ungdom» i 40-åra kontrollert av politiet.

Han køyrde moped i Os sentrum, men har ikkje gyldig førarkort.

Klokka 23.15 torsdag kveld hadde politiet kontroll på Søfteland. Her blei det skrive ut mangellapp grunna dårleg teknisk stand på ein bil.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.