Lokal | 01. des. 2016

Kollisjon på Haugsneset

Står du i kø på Hatvikvegen? Grunnen er ein kollisjon i krysset til Haugsneset.

Kollisjon på Haugsneset
Politiet dirigerte trafikken forbi ulykkesstaden medan avhøyr av dei involverte pågjekk (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 01. des. 2016 16:08

Rett før klokka 16, torsdag ettermiddag, kolliderte to bilar i krysset mellom Hatvikvegen og Haugsneset, like utanfor lensmannskontoret.

Politiet var raskt på plass og avhøyrte dei involverte partane. Ein av dei involverte blei ifølgje politiet køyrd til legevakta.

Det oppsto nokre trafikale problem etter ulykka då det eine køyrefeltet var delvis sperra. Politiet dirigerer difor trafikken på staden.

OPPDATERT: Førar av ein av bilane, ein mann, blei meldt og det blei tatt beslag i førarkortet. Vedkomande samtykka i beslag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.