Stødig bortesiger til Os
Tok viktige poeng i Førde.
Etter 8-2-siger over Florø heime, i det som var første kamp etter ferien, reiste Os på 3. plass til Førde på 6. plass for å spela 17. serierunde.
Heime vann Os 3-2 over Førde, Førde tapte sin førre kamp 1-2 borte for Fana.
I dag starta Os best, og etter nokre sjansar landa ei langpasning av Førde sin back i beina på Os sin midtbane.
Derfrå gjekk den til Kvalvågnes og vidare til Vatland Karslen , som skapte ekte hattrick i førre kamp og i dag sette sitt 13. mål for sesongen.
1-0 av Håvard Vatland Karlsen kom i 9. minutt.
Det var offside-annulerte skåringar begge vegar etter første skåring, men Os heldt på 1-0-leiing til pause og utover i 2. omgang.
Os pressa meir på utover i 2. omgang, og i 79. minutt var det Kvalvågnes sin tur.
Toppskåraren i avdelinga auka til 2-0, hans 20. mål til no i sesongen.
Heimelaget hadde eit forsøk på kontring i 90. minutt, men skaut utanfor.
Førde - Os 0-2 (0-1)
Os: Mads Semb Christophersen - Jason Onsrud Buan, Torgeir Lunde, Mathias Aastvedt Dahl - Karl Aspevoll Omdahl, Thomas Stene Spilde, Sebastian Plätzer, Sverre Spangelo Haga - Niklas Lunde Fosen, Håvard Vatland Karlsen
og Daniel Grimset Kvalvågnes
Innbyttarar: Nemanja Masic, Jakob Øvretveit Larsen, Kim Arne Brakstad, Steffen Kvamsdal, Fredrik Strønen Skeie, Jonathan Mjånes Lund og Filip Fjellberg.
Fana tapte i går, og ligg 7 poeng bak Os. Bjarg og Sandviken har vunne sine, så luka opp er like stor.
Os speler neste kamp heime mot Åsane 2 tysdag 27. august.
- Tabell og terminliste på fotball.no