Fotball | 11. aug. 2024

Imponerte borte mot Arendal

Lysekloster sin ferie ser ut til å ha gjort godt.

Imponerte borte mot Arendal
Gutane slappar av med pizza før seint fly heim. (Foto: Kim Myhrmel Teigland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 11. aug. 2024 19:07

Lysekloster overraskal då dei i vår slo ein av opprykksfavorittane, Arendal, på heimebane.

I dag gjorde nyopprykka Lysekloster det igjen.

– Var Arendal ulik i forhold til møtet i vår?

– Av spelarar inn og ut har vi Mikal Kvinge frå Brann 2, som ikkje spelte, og så har dei skifta ut spissen med ein ny. Forskjellen i kampbildet var det nok vi som sto for, seier trenar Ruben Hetlevik.

– Det såg ut som om det var vi som hadde heimekamp. Vi dominerte spelet og vann duellane - gutane imponerte!

Marceli Wawrzynkiewicz gav Lysekloster leiinga i 11. minutt, Henrik Andersen auka til 2-0 i 49. minutt.

Vertane reduserte i 53. minutt, innbytar Jacob Jacobsen Bolsø sørgja for 3-1.

– Det blei ein fortent siger i ein veldig god kamp av oss.

Kvarven spelte frå start, det same gjorde Tufta, som òg hadde to målgjevande pasningar.

– Det var godt å sjå dei i gang igjen. Tufta starta siste kamp før ferien òg, men måtte ut etter 20 minutt.

I dag spelte han 71 minutt.

Arendal - Lysekloster 1-3 (0-1)

Målskårar, Lysekloster: Marceli Wawrzynkiewicz, Henrik Andersen og Jacob Jacobsen Bolsø

Lysekloster: Vitalijs Melnicenko - Nicholas Marthinussen, Joachim Skorpen Edvardsen, Sebastian Brudvik, Marceli Wawrzynkiewicz - Henrik Andersen, David Flygel Tufta, Sander Marthinussen - Thorstein Horneland Hildal, Alexander Dang og Jacob Steinsland Kvarven.

Innbytarar med speletid: Lars Oskar Groos Kilen, Jacob Jacobsen Bolsø, Håvard Oppedal Rinde, Johannes Eftevaag og Ole Marius Håbestad.

Lysekloster sin neste kamp går borte mot serieleiar Hødd.

Hødd vann 3-1 borte over Viking 2 i dag. Osingen Elias Heggland Myrlid skåra 3-1-målet.

Heime i vår tapte Lysekloster 0-1 for Hødd etter skåring i 83. minutt.

Sotra tapte 1-5 borte for Brattvåg i dag. Osingen Kristoffer Røttingen kom innpå i 46. og skåra Sotra sitt einaste mål i 48. minutt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.