Fotball | 15. aug. 2024

Damene starta hausten med bortesiger

Kopierte Voss-resultata frå i fjor. Laurdag tar Os imot botnlaget Nymark.

Damene starta hausten med bortesiger
Vy Nguyen sette inn Os sitt fjerde mål. Her på heimebane. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 15. aug. 2024 10:15

I fjor blei det 2-3-tap heime og 2-1-siger borte til Os over Voss.

I år har Os prestert tilsvarande. Først tapte dei 3-4 heime, så reiste dei med eit ungt lag til Voss og vann 4-1.

– Det var avtalt på førehand at nokre av spelarane skulle ha ferie denne veka. Og så var det nokre som var sjuke.

– Men vi har ein brei og god stall, og dei som var med gjorde jobben, seier trenar Ørjan Sandal.

Han er nøgd med både prestasjon og resultat.

– Jentene gjorde mykje rett med ball. Framover skal vi fokusera på å gjera det same, men endå raskare.

Amalie Lund Helgesen gav Os 1-0- og 2-0-leiing før Voss reduserte.

– Ho har ein fantastisk frispark-fot, skryter Ørjan.

Ingeborg, toppskårar i avdelinga, sette sitt 12. mål på 13 kampar då ho auka til 3-1.

– Ho blei spelt fri omtrent på midtbanen, og fekk eit langt løp mot mål. Ho brukte sikkert tida godt til å tenkja på avsluttinga, som gjekk kontant i mål.

Vy putta 4-1-målet i 83. minutt, kampens einaste skåring etter pause.

– Den kom etter litt kriging i boks på corner. Vy fekk smelt den inn.

Voss - Os 1-4 (1-3)
Målskårarar, Os: Amalie Lund Helgesen (0-1 og 0-2), Ingeborg Sundal Ljostveit (1-3) og Vy Mai Nguyen (1-4)
Os: Anna Kyte Haugland (kaptein) - Amalie Lund Helgesen, Kine Ullensvang Moland, Birgitte Røssland Håvik, Amalie Aunet Frekhaug - Elise Lyssand, Tina Skogedal, Tiril Søreide Solberg - Leah Hagevik Vedholm, Vy Mai Nguyen og Ingeborg Sundal Ljostveit
Innbytarar: Amalie Lindborg Bøyum, Anja Lyssand Aasen, Pia Emmeline Hindenes, Leah Amira Hevrøy Hagenes og Åsne Skoglund Underhaug

Komande helg speler herrane til Os borte mot Førde og Lysekloster borte mot Hødd.

Men førstelaget til damene har heimekamp mot Nymark laurdag ettermiddag og Os 2 har heimekamp mot Bremnes søndag etter lunsj.

Os 2 dame med solid målforskjell

Os har i år, saman med Nore Neset, fått i sving eit andrelag for kvinner senior.

– Der har vi ei fin blanding av spelarar, frå yngre som har kapasitet til òg å spela litt senior til dei som er for gamle til J16 og treng meir kamptrening enn det dei får på førstelaget til damene.

– Vi har bra med spelarar, men tar alltid imot fleire, om det for eksempel er tidlegare spelarar som vil koma tilbake i aktivitet! seier Sandal.

Os 2/Nore Neset har vunne 4 av 4 kampar i vår, med ein målforskjell på heile 30-6.

Serieleiar Frøya har spelt 6 kampar (4-1-1) og toppar tabellen framfor Os 2/Nore Neset i 5. divisjon.

Deira første kamp går borte mot Smørås 2 om ei god veke.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.