Startar vinterferien i Eikedalen
Kameratgjeng kasta seg med første tur i nytt ferietilbod.
Mange ungdomar bruker nok første feriedag på å sova litt ekstra, men litt før klokka 09 møtte ein god gjeng opp for å nyta sola i fjellet.
– Ein kamerat av oss tok initiativet, og vi blei seks stykker i alt, fortel Victor Aarvik.
– Blir det tur med skibussen onsdag og fredag òg?
– Nei, eg skal jobba seinare i ferien, seier Jonas Rotnes.
Os Taxi, som i dag køyrde sin første tur med skibuss, er nøgde med responsen.
– Vi auka frå 14 til 15 påmeldte, men slepp å bruka ekstrabussen vi hadde i beredskap, seier dagens sjåfør, Ole Henning Kristoffersen.
16-setar med hengar til utstyr var nok.
Alle dei reisande hadde bestilt på førehand.
På veg inn i minibussen blei det notert navn og telefonnummer på alle, så Kristoffersen har sjanse å ringa dei som eventuelt ikkje dukkar opp til retur i ettermiddag.
Sjølv har Kristoffersen sett skia igjen heime, men ventar i terrenget til gjengen skal heim igjen til Os.
No er han og kollegaene spente på resten av veka. Vêrmeldingane er gode, men dei treng mint ti påmeldte per dag for at dei planlagde skibussane onsdag og fredag også skal ta turen.