God respons på nytt skibuss-tilbod
– Vi stiller med ein ekstra buss i morgon.
I starten på februar fortalte Os Taxi at dei ville testa ut om det var interesse for skibuss i vinterferien.
I 2010, etter 10 år med skibuss, gav Osbuss seg med dette tilbodet.
I førre veke viste vêrmeldingane at det ville bli gode forhold, men dei fleste bestillingane tikka inn i går.
– Onsdag hadde vi 3 påmeldte, i går var vi oppe i 14, fortel Ole Henning Kristoffersen.
Planen er å køyra skibuss måndag, onsdag og fredag. Dei første 14 påmeldte er alle til i morgon.
– Sånn var det visst i Osbuss si tid òg, dei fleste bestemte seg ein dag eller to før avreise. Vi håper det blir mange nok, altså minst 10 påmeldte, også onsdag og fredag.
Os Taxi køyrer med minibuss med 16 seter. Ski og brett blir lagt i skap-hengar.
– Vi har fleire bussar, og stiller med to bussar i morgon, i tilfelle nokon møter fram utan at dei er påmeldt. Men vi ønskjer førehandspåmelding.
Avreisetidspunkt var først sett til klokka 08. Men så kom dei på at heisane i Eikedalen startar først klokka 10.
– No tar vi i staden oppmøte klokka 08.45, og reiser i 09-tida, når alle har fått lagt skia i hengar og funne seg eit sete.