Spangelo Haga raskast i trimløpet
– Vi er heldige som har Liafjellet i nabolaget, synest raskaste deltakar i det nye «Trimløp til Liafjellet», Eirik Spangelo Haga.
Som vi fortalte tidlegare denne månaden blei det ikkje noko Liafjellet Opp i år.
Opptur Motbakkeklubb skal overta løpet og arrangera Liafjellet Opp helga før Stoltzen 2016, som før, men under Nore Neset Dagane i helga blei det likevel arrangert eit trimløp i same løype.
– Vi hadde 32 deltakarar. Løpet er nytt og vi var litt sein med å gå ut med det, så det var ikkje så verst, synest dagleg leiar i Nore Neset idrettslag, Jarle Heltne.
Motbakkeløpet Liafjellet Opp hadde på det meste (i 2014) 126 deltakarar.
Nesten eitt minutt bak persen
Deltakarane kunne velja sjølv om dei ville ha tidtaking i traseen. Ein av dei som sprang på tid var Eirik Spangelo Haga (15), som med 10,56 var raskaste til toppen.
– Eg sprang løypa cirka ei veke før Stoltzen, då Liafjellet Opp tidlegare år har blitt arrangert, og sette ny pers med 10,08.
– Men i dag var eg stinn i beina. Eg spelte kamp mot Os (1-1) i går og trente styrke på torsdag, særøeg styrkeøkta sit godt igjen i beina, fortel Eirik.
I Stoltzen i september var han ein av dei tre raskaste osingane med 10,21.
Ein krins med sprek ungdom
Eirik er nest eldste av fire Spangelo Haga-brør. Storebror Knut (17) speler fotball på Os sitt A-lag, dei to yngre, Sverre og Magnus deltok òg på trimløpet til Liafjellet.
– Kvar kjem denne løpeinteressa frå, er mor og far ivrige motbvakkeløparar?
– Nei. Men dei har tatt oss med på ein del gåturar i fjellet, både i Hemsedal der vi har hytte og i Fusa der vi har besteforeldre.
– Dette med motbakkeløp starta eigentleg med at eg slo gymlæraren min opp Liafjellet. Då fekk eg lyst å delta i løp.
Eirik fortel at både skulen og idrettslaget av og til bruker Liafjellet til trening.
– Det kunne vore endå oftare, eg trur vi har mykje nytte av motbakke i andre idrettar, som fotball. Vi er heldige som har ei så fin løype i nabolaget og det er nok mange ungar på Nore Neset som får ekstra sans for fjellturar når det blir arrangørt løp som dette.
Sverre (11) var uheldig og ramla og skadde seg, Magnus (9) fullførte på 13,56.
Fleire gode tider
Blant andre som sprang på tid i går, og som var raske til topps, var:
Filip Holdhus (11) 12,58
Halvard Fykse Gullbrå 13,28
Vebjørn Fykse Haga (10) 13,48
Magnus Spangelo Haga (9) 13,56
Filip Fjellberg (9) 14,42
Erlend Nesse (10) 15,38
Arild Nesse 15,39
Amalie Lund Helgesen (11) 17,41
Asgeir Fykse Haga (9) 20,05
og familien Julie, Mats og Tord Lindén, som kom samla i mål på 38 minutt.