Ommøblering av NN-dagane og Liafjellet Opp
Nore Neset Dagane erstattar messedelen med auka lagliv, og NNIL har «gitt vekk» Liafjellet Opp og satsar på trimløp i staden.
Rundt 20. september har det dei siste åra vore høg aktivitet i og rundt Nore Neset Aktivitetshus. Det skal det også bli i 2015, men noko seinare enn tidlegare år.
– Kvart år kolliderte arangementet med open brannstasjon, som er ein riksdekkande aktivitetskampanje, så då valte vi i år å flytta det til midten av oktober, seier Karin Bøyum frå Stiftelsen Nore Neset Aktivitetshus.
Årets Nore Neset Dagane blir arrangert laurdag og søndag 17. og 18. oktober.
Droppar salsmessa
Frå 2011 har arrangementet inkludert Osmessa, ei større salsmesse med blant anna bil, camping, sportsutstyr og handverk.
– Det krev litt å gjera denne messa god og fyldig nok, og i år har vi tatt ein pause på messedelen og fyller heller på med stands frå laglivet, fortel Bøyum.
Ei rekkje lag har meldt seg for å stilla ut og visa seg fram, og invitasjonen er framleis open.
– Elles kjem Nore Neset Dagane til å by på mykje av det same, med aktivitetar og konsertar inne og ute.
Klatring, laserskyting, modellbil, trylleshow, osmeisterskap i luftgitar og lufttrommer og ansiktsmaling er blant aktivitetane på programmet.
Med låge skuldre til Liafjellet
Også Liafjellet Opp blir fasa ut i år, men det blir likevel løp til toppen av Liafjellet.
– Liafjellet Opp har vore veldig populært, men dette med motbakkeløp er litt ved sidan av det vi driv med og passar betre for andre å arrangera, seier dagleg leiar i Nore Neset idrettslag, Jarle Heltne.
Opptur Motbakkeklubb har takka ja til å overta, og kjem til å arrangera Liafjellet Opp i september neste år, helga før Stoltzen som god oppvarming til det kjente trappeløpet i Bergen.
NNIL vil likevel arrangera løp til Liafjellet under Nore Neset Dagane, men kallar det «Trimløp til Liafjellet».
– Det blir same løype, og det blir med tidtaking til dei som vil. Men det blir ingen rangering og einaste premiering blir det det laget eller den gruppa som stiller med flest deltakarar.
– Det er så mange som har trent til Liafjellet Opp at vi måtte nesten lata dei springa. Men det går òg fint å ta det som ein mosjonstur med familien, utan tidtaking.
Trimløpet til Liafjellet blir arrangert søndag 18. oktober.