Ny deltakarrekord opp Liafjellet
Trass tett regnvêr blei det ny rekord i Liafjellet Opp laurdag. Børsheim var raskaste herre, Tveiten vann kvinneklassen og mange betra tida si frå i fjor.
I 2013 var det ny deltakarrekord med 116 startande, éin meir enn året før.
I går sette Liafjellet Opp ny rekord med 126 deltakarar.
– Løpet gjekk over all forventning. Eg er så glad for alle som trassa vêret og stilte, og for dei som kom på dugnad og alle som sponsa med fine premiar, seier Michelle Bukkøy.
Bukkøy steppa inn i siste liten og tok ansvar for motbakkeløpet, som i år blei arrangert for ellevte år på rad.
– Vi har satsa på dei unge i år og eg synest det er heilt supert at vi har heile 28 deltakarar under 10 år på ein dag som i går.
Løyperekordane står ved lag
Ronny Børsheim vann herreklassen med tida 09:37. I fjor landa han på 5. plass med tida 10:21.
Solveig Tveiten vann kvinneklassen med tida 12:33.
I fjor blei det løyperekord i både herre- og kvinneklassen, May Britt Buer slo sin eigen rekord og sprang opp på 10:54, Thorbjørn Ludvigsen knuste førre rekord med over eit minutt, då han sprang i mål på 8:42.
Fleire betra tidene sine
Men det var fleire som hadde betra tida si også i årets løp.
Målfrid Pettersen Lunde kom på 2. plass i fjor med tida 14:21. I år sprang ho i mål på 13:35, men dette heldt likevel berre til 4. plass.
Geir S. Skaten, som vann første Liafjellet Opp, kom på 2. plass med tida 10:05 i fjor. I år blei det 3. plass, men med den gode tida 09:45.
Daniel Instanes tok 2. plassen med tida 09.42, mot 10:13 i fjor.
Sjå resultatlistene i bildeserien over.