Slåsting, tigging og funn av båt
I tillegg til grasbrannane og påkjørt hjort har politiet i Os i påsken fått melding om trafikkuhell på Søfteland, slåsting i Os sentrum, aggressive tiggarar på Moberg og funn av båt på Drange.
I påsken har det vore grasbrann på Kuhnle, Gåssand og Thuen.
– Det er oppretta sak på desse brannane, så får vi sjå kva det leiar til. Men eg må seia at det er fortvilande at folk ikkje lyttar til åtvaringar, seier politioverbetjent Terje Sperrevik.
Lettare skadd på Søfteland
I tillegg til ein påkjørt hjort i Hegglandsdalen har det vore eit trafikkuhell på Søfteland.
– Søndag 31. mars blei ein person lettare skadd i ein påkjørsel bakfrå.
Slåsting og tigging
Det er vanlegvis eit livleg uteliv i Os i påsken. Dette har ikkje ført til så mykje bråk i sentrum, men litt har det vore.
– Natt til søndag fekk vi beskjed om slåsting utanfor Bar2Be. Ein person blei vist vekk frå staden.
Måndag kveld 1. april fekk politiet melding om tigging fleire plassar i Os, blant anna på Steinneset og på Moberg.
– Dei skal ha vore utanlandske og aggressive, og banna og vore frekk då dei blei avvist.
Fann båt på Drange
I løpet av påsken har det blitt funne ein jolle av merket With, med påhengsmotor, på Drangsneset.
Båten er slept til Fana.