– Dette kunne blitt ei stor sak
I går var det to grasbrannar i Os, i kveld rykte brannvesenet ut til ny brann på Thuen. Brannsjefen reagerer på at stadig fleire overprøver brannvesenet sine vurderinger.
– Vi har gjeve våre råd og sagt at brannfaren er stor, likevel dukkar det opp tilfelle der folk, gjerne med begrensa kunnskap, gjer sine eigne vurderinger og set andre sine eigedomar i fare, seier brannsjef Stein Gjøsund.
Laurdag var det to grasbrannar i Os, nesten samtidig, søndag i 19-tida kom meldinga om nok ein grasbrann.
– Kunne blitt ei stor sak
– Vi rykte ut til Thuen med 13 mann. Det brann friskt då vi kom fram om brannen var på veg oppover mot Liafjellet.
Éin bil blei sendt til huset på toppen, ein annan opp til grensa mellom dyrka mark og skog.
– Heldigvis fekk vi sløkt brannen på brinken rett før skogen. Dette kunne blitt ei stor sak, seier Gjøsund.
Fekk pålegg om vakthald
Politiet var også på staden og vurderer i etterkant om vedkomande som brukte open eld skal få forelegg eller annan straffeforfølging.
– Sidan grunneigar har eit eigarforhold til brannen kan vi gje pålegg om at vedkomande held vakt på staden utover kvelden, for å sjå at brannen ikkje blussar opp igjen.
– Vi håper folk no ventar med å gjera opp eld i eigen hage eller i utmark, for om alle skal skaffa seg eigenerfaring med kor stor brannfare det er så får vi mykje å rykka ut til.
– Det har heldigvis gått bra til no, men vi veit aldri korleis neste brann blir, seier Stein Gjøsund.