Avliva bukk i Dalen
Ein ung bilførar kolliderte med ein hjort natt til fredag. I tillegg har det kome melding om ein hjort på Nore Neset med garn i geviret.
Rundt klokka 00.45 natt til fredag fekk viltkontakt Espen Andersen melding om påkjørt hjort i Hegglandsdalen.
Ein bil på veg mot Os hadde kollidert med ein bukk ved krysset inn mot Eide.
– Bukken hadde brote låret, så den kom seg ingen veg. Men den måtte naturlegvis avlivast, seier Andersen.
Bilen hadde knust ei frontlykt, men var kjørbar. Bilførar var uskadd.
– Det overraskar meg like mykje kvar gong kor lite skade det er på bilane sjølv om dyra er hardt skadde.
Med garn i geviret
Denne veka har Andersen også fått melding om ein bukk som går rundt på Nore Neset med eit garn hengande fast i geviret.
– Vi følger med dyret og eg håper vi slepp å avliva han.
– Det er berre nokre veker til bukkane fell geviret no, så er vi heldige så heng ikkje hjorten seg fast i noko før den tid. I så fall kjem han til å svelta ihjel i løpet av nokre få dagar, seier Espen Andersen.