Politi | 20. okt. 2023

Skreiv ut 39 forelegg på E39

Mange køyrde for fort på Halhjemsvegen.

Skreiv ut 39 forelegg på E39
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 20. okt. 2023 07:57

Utrykningspolitiet hadde to fartskontrollar i Os i går, begge i 70-sone på E39 Halhjemsvegen.

I 10.30-tida rapporterte dei inn heile 35 forenkla forelegg.

– Høgaste målte fart var 110 km/t, opplyser politioverbetjent Christine Grindstein.

Det betyr førarkortbeslag, i 70-sona ryker lappen på 106 km/t.

Med mange syndarar før lunsj, tok UP turen ut på post i 70-sona igjen etter lunsj.

Klokka 13.40 rapporterte dei inn fire forelegg til.

I andre akt var høgaste fart 81 km/t, altså 11 km/t over grensa og 4.800 kroner i forelegg.

Totalt blei det 39 forelegg på E39. UP kan trøysta seg med at det ikkje var 70 syndarar i 70-sona.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.