Politi | 19. okt. 2023

Mista to hjul på E39

– Ingen blei skadd, verken køyrande eller beitande.

Mista to hjul på E39
Uhellet skjedde her, på veg opp frå E39 til Ulvenvegen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 19. okt. 2023 08:34

Klokka 15.50 onsdag fekk politiet melding om køyretøystans på Ulvenvegen.

– Ein lastebilsjåfør som kom frå Bergen på E39 reagerte på ein lyd då vedkomande køyrde opp avkøyringsrampen mot Ulvenvegen, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Det viste seg at to hjul på framre bakaksling hadde ramla av.

– Ingen blei treft av hjula, verken køyrande, gåande eller beitande, fortel Lyssand, og siktar truleg til all hjorten som har vandra langs E39, enkelte med uheldig utfall.

Då Midtsiden kom til staden gjekk trafikken som normalt. Lastebilen hadde kome seg bort til avkøyrsla til vegvesenet sin kontrollplass og politiet var i ferd med å køyra frå staden.

– Det var noko oljesøl på staden. Patruljen varsla Vegtrafikksentralen, som sendte entreprenør ut for å rydda og strø.

Det blei strødd i rundkøyringa på staden, ei rundkøyring som frå før har utfordring med dårleg friksjon.

Politiet har ikkje oppretta sak.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.