Tatt i stoppkontroll - nekta å vedta forelegg
UP hadde tre kontrollar i går. Det eine forelegget dei skreiv ut, blei ikkje akseptert.
Utrykningspolitiet hadde tre trafikkontrollar i Os i går.
På morgonen sjekka dei promille i Ulvenvegen.
Så flytta dei seg til E39 Halhjemsvegen for å kontrollera ved stoppskiltet i Lepsøykrysset.
– Éin bilist fekk forelegg for ikkje å ha stoppa. Vedkomande vedtok ikkje forelegget, og blir meldt, opplyser politioverbetjent Atle Birkeland.
Etterpå sjekka dei promille igjen, denne gong på Halhjem ferjekai. Alle 14 kontrollerte var edru.
– Det var òg visse utfordringar i Lyshorntunnelen i går, fortel Birkeland.
Ein bil var parkert og forlatt i ei havarilomme i tunellen, noko som gjorde at varselet gjekk hos Vegtrafikksentralen, og fartsgrensa i tunellen blei sett ned.
I tillegg kom det melding om diverse gjenstandar i vegen.
– Sånne varsel fører til nedsett fartsgrense eller, i verste fall, stengt tunell.