Lokal | 16. aug. 2017

Siv sette ned første plante i tropehagen

Luranetunet: Finansminister Jensen kom for å høyra om SIO, og kvifor Os kommune er opptatt av at prøveprosjektet blir fullført etter valet.

Siv sette ned første plante i tropehagen
Siv Jensen besøkte tropehagen i nye Luranetunet - og fekk setja ned den første planta. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 16. aug. 2017 11:47

Bildeserie:

Velkomst. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Velkomst. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Orientering om tilbygg og SIO. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Orientering om tilbygg og SIO. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Rådmann Fotland. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Rådmann Fotland. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Liv sitt system blei nemnt for Siv. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Liv sitt system blei nemnt for Siv. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Søviknes fekk ta del i besøket. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Søviknes fekk ta del i besøket. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Første plante i tropehagen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Første plante i tropehagen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Reiertsen fekk planta den andre. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Reiertsen fekk planta den andre. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Hesthamar, Jensen og Bahus. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Hesthamar, Jensen og Bahus. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 8

Onsdag morgon fekk Os kommune besøk av finansminister Siv Jensen (Frp) og partikollega Helge André Njåstad, leiar for kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortinget. Også statsråd Terje Søviknes var del av delegasjonen som besøkte Luranetunet i dag.

Varaordførar Laila Reiertsen ønskte velkomen før prosjektleiar Tor Inge Døsen, rådmann Christian F. Fotland og avdelingsleiar Aud Winsents fortalte om utvidingsprosjektet med tropehage, som er ferdig til jul, og innføring av nye system i samband med SIO (statleg finansiering av omsorgstenester).

– Eg var skeptisk i saksutgreiinga då vi hadde SIO oppe, men politikarane sa ja og administrasjonen har følgd opp. Innføringa var i 2016, 2017 blir første driftsår med SIO, og vi kan allereie sjå at det gir auka likebehandling. Det er også fantastisk å sjå at når vi gjer vedtak så kjem det pengar, seier rådmann Fotland.

Han fortel at Os kommune har gjort ein enorm innsats for å innføra ordninga, noko som har ført til både gode prosessar og system dei kan ta med seg vidare, uansett kva som skjer når prøveperioden er over i 2019.

• Les òg: Liv skapte stålkontroll

– Alle stadane eg reiser så høyrer eg dei same fine tilbakemeldingane på SIO, seier Siv Jensen.

Uansett utfall av valet i september håper ho at prøveprosjektet ikkje blir stoppa.

• Les òg: Til Os for å læra om eldreomsorg

Det håpet deler ho med rådmannen i Os. Tidlegare ordførar i Os, Terje Søviknes, fortalde at prosjektet har fått kritikk fordi det er få kommunar som har takka ja til å delta, men understrekte at det pågår eit grundig prosjekt med fortløpande evaluering av SIO.

– Det blir interessant å sjå kva dei konkluderer med i sin sluttrapport, seier Søviknes.

Før delegasjonen reiste vidare fekk dei omvising i tropehagen, der det i september skal plantast 4-5 meter høge palmer.

Siv Jensen fekk lov å setja ned den første av det som skal bli over hundre planter, varaordførar Reiertsen fekk setja ned nummer to.

– Det må gjerast skikkeleg, sa Siv, og brukte både spade og nevane for å få planta på plass.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.