Siv blir kjøpmann på Spar Nore Neset
25 år etter at ho byrja i daglegvarebransjen får Siv Grindevoll (40) eigen Spar-butikk.
I september var det byggestart på ny daglegvarebutikk i Kloppamyra næringsområde ved Ulvenvegen, samtidig søkte Norgesgruppen-selskapet Kjøpmannshuset Norge AS etter kjøpmann til butikken.
– Vi hadde rekordgod respons på stillingsannonsa og fekk rundt 30 søkjarar. Mange av dei var veldig gode kandidatar, og ti av dei blei kalla inn til førstegangsintervju, seier driftsleiar i regionen, Hugo Jentoft.
Rett før jul fekk Siv Grindevoll og sambuaren Sten Are Fogge tilbod om å bli franchisetakarar. Før dei tok juleferie rakk dei både å tenkja seg om og å takka ja.
– Vi er veldig glade for responsen, og for at Siv takka ja. I tillegg til lang, relevant erfaring viser ho eit enormt pågangsmot og positivitet. Vi trur ho kjem til å få det godt til med denne butikken.
Tilbake på heimebane
Både Jentoft og Grindevoll er frå Os, og begge har fartstid frå blant anna Drageset og Norgesgruppen.
– Starten min i daglegvarebransjen var i 1992, som 15-16-åring på Hagavik Hjemmebakeri, fortel Siv.
Seinare har ho jobba for Drageset og AKA. Etter å ha jobba i reiselivsbransjen frå 2000 til 2006 var ho i Meny Industrivegen frå 2008 til 2013.
– Eg fekk reist mykje då eg jobba for Kilroy og Berg-Hansen, og er glad for dei seks åra med reiseliv. Men det var òg kjekt å koma tilbake til daglegvarebransjen. Etter 2013 har eg jobba for ein leverandør. Eg har no sagt meg opp som salskonsulent for Bama etter fire år i ein jobb eg likte godt, og gler meg no veldig til å bli kjøpmann i eige nabolag.
Siv har vakse opp på Grindevoll og bur no med Sten Are i Skeisleira. Saman har dei to born, ein gut på 11 og ei jente på 9 år.
– Sambuaren jobbar i ein annan bransje, men det er godt å ha han med på laget, seier Siv om Sten Are, som jobbar som produksjonssjef ved DNS.
Ser fram til å bygga team
Siv jobbar i Bama ut februar, og får det travelt med å førebu opning av Spar Nore Neset rett over påske 2018.
– Eg gler meg spesielt til å setja saman eit godt team med tilsette i butikken. Den første stillinga som blir lyst ut er assisterande butikksjef. Sjølv har eg plan om å vera mykje ute i butikken, blant tilsette og kundar, sjølv om det naturlegvis blir ein del kontorarbeid når du er dagleg leiar og eigar.
Eigar av tomt og bygg er Paul Drageset.
Spesielt tilrettelagt for syklande
Tomta ligg med grense til fv 160, rett før Ulvenvegen skiftar namn til Strønevegen, og er på rundt 4 mål.
Butikkbygget blir på 1200 kvadratmeter, utearel med parkering blir på rundt 3000 kvadratmeter.
– Vi får fire plassar for elbil. Vi får faktisk også eigen parkeringsplass for elsykkel, seier Siv og ler nøgd.
– No er det ganske flatt både på Ulvensletta og på Skeisflaten, men eg ser for meg at dette blir ein butikk som mange vil oppleva som deira lokalbutikk, ein plass å gå eller sykla til for å kjøpa seg laurdagsgodt eller ein varm lunsj.
• Les òg: Gang- og sykkelveg fekk asfalt før jul
Butikken får salsflate på 700 kvadratmeter, stor frukt og grøntavdeling og eigen ferskvaredisk med sal av blant anna varme lunsjrettar.
– Ved sidan av dei som bur i nærleiken, eller i forbifarten, som folk frå Nore Neset og Strøno, ser eg for meg at mange kanskje heller vil ta ein svipptur over Ulvensletta enn å rota seg inn i ferjekøar eller sentrumstrafikk. Kanskje kan Spar Nore Neset også bli nærbutikken til folk frå andre krinsar, seier den komande kjøpmannen Siv Grindevoll.