Fekk asfalt før jul
11 år etter at fv 160 fekk ny gang- og sykkelveg er siste stykket i ferd med å bli ferdig.
I slutten av 2006 blei den nybygde gang- og sykkelvegen langs fylkesveg 160 over Ulvensletta asfaltert og klar til bruk. Men sørenden av vegen, frå Ådnadalen forbi næringsområdet Kloppamyra opp til Irgenskrysset, fekk ikkje gang- og sykkelveg.
Det var behov for mykje masseutskifting og prisen blei høg. Dei som etablerte seg i det nye næringsområdet i Kloppamyra fekk høyra at siste stykket med gang- og sykkelveg skulle stå klart i 2008.
I 2013 blei det semje om eit spleiselag mellom Os kommune og Hordaland fylkeskommune, med plan om byggestart i 2014 og opning i 2015. Arbeidet har tatt lengre tid.
Utbetra veg og ferdig gangveg
Sidan den gong har det blitt godkjent etablering av daglegvarebutikk i Kloppamyra, ein Spar-butikk som no er under bygging og som skal opna våren 2018.
I haust har det vore vegarbeid og legging av rør under sørenden av Ulvenvegen, rett før fv 160 skiftar namn til Strønevegen, og i desember starta asfalteringa.
Rett før jul kom det ny asfalt både i bilvegen og på gang- og sykkelvegen. Nye lyktestolpar er òg montert, og forholda har blitt betre og tryggare for dei mange som går, syklar og mosjonerer mellom Skeie og Ulven.