Lokal | 25. nov. 2013

Ny løysing for siste stykket

I 2014 blir det byggestart på gang- og sykkelveg frå Ådnadalen til Irgenskrysset.

Ny løysing for siste stykket
Neste år blir det byggestart på gang. og sykkelveg forbi Kloppamyra. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 25. nov. 2013 11:32

I slutten av 2006 blei den nybygde gang- og sykkelvegen langs FV 160 over Ulvensletta asfaltert og klar til bruk.

Men sørenden av vegen, frå Ådnadalen forbi næringsområdet Kloppamyra opp til Irgenskrysset, fekk ikkje gang- og sykkelveg.

Bygginga av gangveg langs dette stykket krev mykje masseutskifting og prisen blei høg. Dei som etablerte seg i det nye næringsområdet fekk høyra at siste stykket med gang- og sykkelveg skulle stå klart i 2008.

Sånn gjekk det ikkje, og medan den nye gangvegen over Ulvensletta har vore populær til mosjon og sykkelturar, har det svingete vegstykket utan gangveg, med tungtrafikk til og frå næringsområdet, vore eit farleg område for mjuke trafikantar.

Ny metode - ny avtale

I førre veke blei det klart at midlar til utbetring av vegen frå Grindavoll til Lepsøy er sikra, vegen til Øyane blir utbetra med byggestart i 2014.

Det fekk enkelte til å sprøja om det snart skjer noko med den siste etappen av FV 160, altså Ulvensletta.

– Ja, det gjer det. I haust har vi hatt møter med fylkeskommunen og Statens vegvesen, og i budsjettet til fylkeskommunen ligg det no midlar til oppstart i 2014 og ferdigstilling i 2015, fortel ordførar Terje Søviknes.

Delar av steinmassane som skal brukast blir henta frå det komande OHARA-prosjektet (nytt anlegg for reinsing og handtering av avlaup) i Os.

I prosjektgruppa skal det ha blitt funne ein ny og rimelegare metode, i tillegg løyver både Os kommune og Hordaland fylkeskommune litt ekstra med midlar.

– Os kommune sin del av investeringa er 2 millionar i 2014 og 2 millionar kroner i 2015. Spleiselaget er litt utvida og godt nok til at vi no kan få realisert dette siste stykket.

Det står igjen å vedta budsjettet, men Søviknes ser ut til å vera sikker på at fylkeskommunen går for å fullføra gang- og sykkelvegen langs FV 160.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.