Næringsliv | 17. okt. 2017

Her kjem Spar Nore Neset

Sånn blir den nye daglegvarebutikken i Kloppamyra.

Her kjem Spar Nore Neset
I Kloppamyra, mellom Ulvensletta og Irgenskrysset, er ny Spar-butikk under bygging. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 17. okt. 2017 14:13

Bildeserie:

Sognnes har leig inn Lekven Entreprenør til grunnarbeidet. (Foto: KVB)
Sognnes har leig inn Lekven Entreprenør til grunnarbeidet. (Foto: KVB)
Hallgeir Lekven fortel om ein hektisk innspurt. (Foto: KVB)
Hallgeir Lekven fortel om ein hektisk innspurt. (Foto: KVB)
Spar Nore Neset: Bygg på 1200 kvm, salsflate på 700 kvm. (Foto: KVB)
Spar Nore Neset: Bygg på 1200 kvm, salsflate på 700 kvm. (Foto: KVB)
Parkeringsplass ut mot Ulvenvegen. (Foto: KVB)
Parkeringsplass ut mot Ulvenvegen. (Foto: KVB)
Fasadene. (Ill.: ASKO Prosjekt)
Fasadene. (Ill.: ASKO Prosjekt)
1 av 5

I september i fjor stemte posisjonen mot administrasjonen sitt framlegg og sa ja til daglegvarebutikk i Kloppamyra, næringsområdet som ligg mellom Ulvensletta og Irgenskrysset.

I september i år var det byggestart på tomta, laurdag blei siste del av ringmuren støypt og torsdag kjem stålet.

1200 kvadratmeter

Tomta ligg med grense til fv 160, rett før Ulvenvegen skiftar namn til Strønevegen, og er på rundt 4 mål.

Butikkbygget blir på 1200 kvadratmeter, utearel med parkering blir på rundt 3000 kvadratmeter.

– Spar Nore Neset får ei salsflate på rundt 700 kvadratmeter, som er ein heilt fin storleik for ein Spar-butikk, seier regionssjef i Spar, Inge Birkeland, til Midtsiden.no.

I utvalet kjem blant anna ferskvaredisk med varmmat, som i den andre Spar-butikken i Os, på Amfisenteret, om ikkje heilt same storleik.

– I tillegg kjem frukt- og grøntavdeling alt anna ein kan venta seg av ein moderne supermarknad.

– På parkeringsplassen blir det òg ladepunkt for elbil, legg regionssjefen til.

Opnar våren 2018

Det er Sognnes Bygg AS i Bergen som har totalentreprise på bygget. Grunnarbeidet er det Lekven Entreprenør AS i Os som står for.

– Det har vore eit kjekt og travelt oppdrag, der innspurten blei hektisk, seier Hallgeir Lekven.

Han har hatt 8 mann frå Lekven Entreprenør og 4 mann frå Lekven Bygg og Eigedom i sving med graving og betongarbeid i innspurten, og jobba ettermiddagar og laurdag for å koma i mål før stålet kjem torsdag.

– Vi har mål om å opna rundt 1. april 2018, seier Birkeland.

Spar søkjer no kjøpmann til den nye butikken, og vil, når denne er på plass, søkja etter fleire tilsette i heil- og deltidsstilling.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.