Sport | 13. okt. 2013

Siger etter nervekamp

Osherrene slo Bergen for andre gang denne sesongen etter ein nervepirrane thriller sundag kveld. – Det er desse kampane som gjer det gøy å spele handball, seier Trygve Lerch Dahl.

Siger etter nervekamp
Trenar Jesper Svensson nytta time-outane til å gje spelarane klare meldingar om korleis han ville ha det (foto: Andris Hamre)
Andris Hamresundag 13. okt. 2013 20:55

Etter ein suveren siger til damelaget over Åsane sørga herrene for ein thriller til å bli svett av, då dei tok imot Bergen i Oshallen sundag kveld. Dei 163 som valde å bli att etter damekampen fekk verkeleg valuta for pengane i det taket i Oshallen løfta seg dei siste 5 minutta då Os rykka frå.

– Det var eit fantastisk publikum og ei heilt utruleg stemning i hallen i dag.

– Slike kampar vil vi ha fleire av, seier kaptein Trygve Lerch Dahl og Joachim Nøkleby.

Følgde kvarandre

Dei to laga møttest for berre tre veker sidan, også då trakk Os det lengste strået. Kampen, sundag blei jamn frå ende til annen. Dei to laga følgde kvarandre, aldri meir enn eitt mål framfor det andre. Til pause gjekk Os med leiing 9-8.

– Det blir ein rotakamp, kor vi møter eitt tøft forsvar.

– Samstundes så sviktar vi litt sjølv i forsvar. Måla Bergen får kjem jo stort sett etter personlege feil frå vår side, analyserar Joachim Nøkleby.

Mot slutten av kampen stig stemninga i Oshallen til nye høgder. Publikum augnar moglegheiten til to poeng og hjelper til det dei kan.

Berre eitt minutt før slutt rykker Os i frå og fastsett sluttresultatet til 20-18.

Jørgen Wold blir toppskårar med seks mål og kåra til dagens osing.

Os - Bergen 20-18 (9-8)
Utvisningar: Os ingen, Bergen 4x2 min.
Os sitt lag: Einar Godø, Andreas G. Sennesvik, Trygve Lerch Dahl 3, Jørgen Wold (6), Joachim Nøkleby (5), Øystein Skarding (1), Nils Andris Hamre, Frode Vindenes, Ove Lyssand (1), Fredrik Andresen, Torbjørn Hjelle (2), Joakim Blostrupmoen (2).

Med sigeren over Bergen rykka Os opp på fjerde plass.

Sjå tabellen her

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.