– Sesongens beste forsvar
Osdamene hadde full kontroll mot Åsane. Timålsleiing til pause gav rom for å testa nye kombinasjonar og siger 32-19.
I sesongens første dobbeltkamp, kor både damelaget og herrelaget til Os spelar same dag, blei det stor stemning i Oshallen, med heile 223 tilskodare på tribunen.
Dei fekk sjå eit Oslag som visste kor forsvaret skulle stå i førsteomgangen. Heile 13 minutt tok det før Åsane fekk si første skåring.
– Det forsvaret jentene speler, spesielt i 1. omgangen er uten tvil det beste eg har sett av jentene så langt i sesongen.
– Emilie Hjertnes Halhjem og Marte Øvreeide, styrte forsvaret heilt fantastisk, seier Erlend Lyssand, trenar for damene.
Gav rom for speletid
Med timålsleiing (17-7) til pause kunne Lyssand la spelere med normalt mindre speletid sleppe til.
– Sjølv om vi testar ut nye kombinasjonar og lar alle få spele mykje, så held vi trøkket oppe og vinn andre omgangen òg.
Samtlege utespelarar teikna seg på skåringslista.
– Det er eg særs nøgd med, avsluttar Lyssand.
Os - Åsane 32-19 (17-7)
Utvisningar: Os 1x2 min, Åsane 3x2 min
Os sitt lag: Irene Tangerås (4), Madeleine Hjertnes (5), Silje Martine Årseth (2), Emilie Hjertnes Halhjem (4), Maria Stangeland Lunde (3), Hilde Kristine Røttingen (3), Line Hjelle Berentsen (5), Vibeke Ingebrigtsen, Elise Hjelle (4), Vilde D. Fyllingen (1), Hanne Sørstrønen, Marte Øvreeide (1)
Keeper Vibeke Ingebrigtsen blei kåra til dagens osing av ein jury på tribunen.
Med sigeren over Åsane rykka Osdamene opp på 2. plass, berre eitt poeng bak Stord.