Første siger i 2. divisjon
Osherrene satte eit kontant forsvar då dei møtte Bergen laurdag ettermiddag. Det gav siger 28-22.
Osherrene er tilbake i 2. divisjon. Etter eit tøft møte med divisjonen heime mot Åsane førre helg, var det Bergen HK som sto på motsett banehalvdel i Landåshallen laurdag. Det blei ein tett og tøff batalje med mange utvisingar, og til tider høg temperatur på parketten.
– Vi har godt styr på forsvaret heile kampen, men framover i angrep missar vi fokus, spesielt i første omgang.
– Gutane blir med på BHK sitt spel og missar fokus.
– I staden for å spele handball konsenterer dei seg om alt mogleg anna, fortel Ostrenar Jesper Svensson.
Tordentale i pausen
Svensson såg seg nødt til å gje herrane nokre sanningens ord i pausen, kor det å halde rett fokus var temaet.
– Etter praten i pausen blir det ein rolegare og meir kontrollert andre omgang, kor vi dreg ifrå.
– I angrep står Jørgen (Wold, journ.mrk) og Isak (Røen) fram.
– Gutane held roen, sjølv då BHK legg ut fleire merker, rosar Svensson.
Bergen HK - Os 22-28 (10-12)
Utv: Bergen 4x2 min, 1 raudt kort - Os 3x2 min
Os sitt lag: Einar Godø, Trygve Lerch Dahl (3), Joachim Nøkleby (3), Jørgen Wold (7), Øystein Skarding (2), Nils Andris Hamre, Frode Vindenes (1), Ove Lyssand (8 - 5 på straffe), Fredrik Andresen, Isak Røen (4), Joakim Blostrupmoen.