Samla inn 1750 kroner til barn i Myanmar
Isaac, Julianna og Jakob laga popup-kafe på Steinneset.
Dei tre unge hjelparane ville gjera noko for organisasjonen Kids Action for Kids fortel bestemor, og pannekake-steikar, Wenche Lyssand.
Den norske organisasjonen vart grunnlagt i 2009, og har som mål og hjelpa vanskelegstilte barn i Søraust-Asia.
Wenche har tidlegare samla inn store summar til arbeidet. Under marknadsdagene i 2017, samla Wenche og andre frivillige inn pengar til 10 operasjonar.
Isaac var innropar
Søndag for halvanna veke sidan rigga dei unge hjelparane til kafe i nabolaget på Steinneset.
Wenche fortel at Isaac var innropar, så alle som var på søndagstur i området kunne ikkje unngå å få med seg tiltaket. Med mormor sine pannekaker, mamma sine skillingsbollar og saft som salsvarer, samla dei inn 1750 kroner til hjelpearbeidet.
– Vi vil takka alle som stoppa og var med og samla inn pengane, desse kjem godt med, seier Lyssand.
Ny tur til Myanmar
I 2016 var Lyssand sjølv til Thailand og deltok i hjelpearbeidet.
Då ho kom heim sa ho at ho var langt frå ferdig med engasjementet sitt.
4.-7. mai skal Lyssand på eit nytt «operation-mission», denne gongen til landsbyen Dyin Oo Lwin, to timar nord for Mandalay i Myanmar.
– Eg ser på ny fram til å få vera med på dette viktige hjelpearbeidet. Pengane vi samlar inn her i Noreg gjer verkeleg ein stor skilnad for mange, avsluttar Lyssand.