Tente pengar til 10 operasjonar
– Vi tel ikkje pengar, vi tel ungar som får eit nytt smil og eit nytt liv.
Under marknadsdagane i Os sentrum i slutten av juni sto eit knippe frivillige på stand og selte blant anna gode ullvarer og smykke.
Dei ser ein annan verdi av omsetnaden enn andre.
– Vi blei sponsa av ein slektning som hadde eit stort parti ullvarer og smykke som han donerte til saka vår, seier Wenche Lyssand.
Saka er Kids action for Kids (KAFK), ein norsk organisasjon som finansierer operasjon av leppe- og ganespalte og andre misdanningar i ansiktet hos fattige born i Thailand og nabolandet Myanmar.
Kan vera livreddande
Wenche har vore engasjert i KAFK sidan 2015, etter ho besøkte dottera Vibeke, som bur og driv firma i Thailand, og støttar organisasjonen både privat og som sponsor.
• Les òg: Ferie med meining
Leppe- og ganespalte er eit stort problem i området, blant anna grunna næringsmangel hos mor i svangerskapen. Når foreldra trur på karma, at misdanninga er ei straff for synd i tidlegare liv, blir dei misdanna ungane gøymde vekk.
Nokre born er så misdanna at dei dør første eller andre leveår rett og slett fordi dei ikkje får i seg mat.
– Misdanninga kan ordnast med ein operasjon som ofte tar berre tar eit kvarter. Det er ei stor glede å få delta med å hjelpa så mange, og å sjå alle dei nye smila som blir skapt, seier Vibeke Lyssand Leirvåg.
Beløpet blir dobla
Kvar krone går uavkorta til leige av operasjonsstove og til medisinsk utstyr, både legane og anna helsepersonell jobbar gratis og hjelpeorganisasjonen har ingen utgifter med verken administrasjon eller reise. Alle dekkar alt sjølv.
«Kids action for Kids» samarbeider med den lokale organisasjonen «Operation Smile», som står for den medisinske planlegginga og gjennomføringa av operasjonane.
Ein lokal sponsor, Benchachinda Group, matchar krone for krone og doblar med det alt innsamla beløp.
– Under marknadsdagane selte vi for 25.850 kroner. Då dette blir dobla av sponsoren vår fekk vi med andre ord inn over 50.000 kroner, som er nok til 10 operasjonar - 10 ungar som får eit betre liv.
1000 operasjonar
Frå 2009 har Kids Action for Kids gjennomført cirka 1.000 operasjonar, i tett samarbeide med Operation Smile Thailand.
Etter sjølv å ha vore med på oppdrag, som frivillig ikkje-medisinsk personell sommaren 2015 har Wenche engasjert seg med å samla inn pengar heime i Os.
– Når KAFK er på oppdrag blir over 100 ungar opererte. Det er ein effektiv aksjon over tre dagar, etter at det på førehand er lyst ut at dei kjem.
Dei frivillige som ikkje har medisinsk bakgrunn hjelper til med registrering, utdeling av informasjon og toalettsaker. Alle får mat og nokre av dei treng gjerne litt omsorg mens dei ventar på samtale, undersøking og eventuell operasjon.
Ein aksjon, der 100 til 150 ungar blir opererte, kostar rundt 1,5 millionar kroner. Av dette er 500.000 frå Kids Action for Kids, 500.000 frå Benchachinda Group og resterande 500.000 frå andre firma som sponsar. Også norske firma kan bidra i potten som skal utgjera ein tredel av kostnaden med ein aksjon.
Neste aksjon i august
I mai var førre mission, då gjekk turen til Myanmar, vest for Thailand. Sist gong dei var der, for to år sidan, var det 450 som møtte opp og 149 som fekk operasjon.
– I mai i år kom det uvêr. Eit tre velta over vegen, og hindra trafikken. I tillegg gjekk straumen. Sjølv om straumen gjekk og trafikken blei hindra var det fleire som kom fram. Dei som deltok fekk tak i aggregat og 85 blei opererte.
Neste tur går nord i Thailand, nær grensa til Laos, i august.
– Det var ei fin oppleving å stå på marknadsdagane å selja varer saman med mange hyggelege medhjelparar og kundar. Ungar kom og såg før-etter-bilde av andre born som er opererte, vaksne som har hatt same skade kom og slo av ein prat og handelen var god. Vi takkar alle som kom innom, seier Wenche Lyssand, som sjølv håper å få vore med på oppdrag i Thailand igjen.