Ferie med meining
Reisa til Thailand blei noko utanom det vanlege for osingane Wenche Lyssand og ekteparet Gunvor og Svein Døsen.
Sommaren 2015 bestilte Wenche feriereisa si saman med venane sine, ekteparet Svein og Gunvor. Turen gjekk i februar i år og var Gunvor og Svein sitt første Thailand-besøk. Wenche, som har dotter som bur og jobbar i Thailand, har vore der fleire gongar tidlegare.
– Nokre veker før vi reiste fekk eg telefon frå dottera mi i Thailand, Vibeke Lyssand Leirvåg, som fortalde at ho skulle arbeida som frivillig for organisasjonen «Kids Action for Kids» i nokre dagar medan vi skulle vera hos ho.
Wenche var med éin gong klar for å bli med å bidra. Ho tok ein telefon til ekteparet Døsen, som heller ikkje var vanskeleg å be.
1 av 700 med misdanningar
Kids Action for Kids er ein norsk-registrert organisasjon oppretta i 2009 av tre brørne Anders, Martin og Håkon Brekke, og to søstre, Maren og Julia Friberg, saman med mødrene deira, Torgunn Aas Reggestad og Vera Friberg.
Organisasjonen jobbar med å hjelpa fattige born i Thailand som treng operasjon for leppe- og ganespalte og andre misdanningar i ansiktet.
Dei samarbeider med organisasjonen «Operation Smile», som står for den medisinske planlegginga og gjennomføringa av operasjonane. Det er Operation Smile som stiller med alt medisinsk personell, medan Kids Action for Kids samler inn pengar til operasjonane og stiller med ikkje-medisinske frivillige som hjelper med å organisera.
På same tid som dei tre osingane skulle vera i Thailand skulle ein av dei to årlege operasjonssamlingane (missions) gjennomførast, denne gongen i byen Mae Hong Son, heilt nordvest i Thailand, nær grensa til Myanmar.
Cirka 1 av kvart 700 nyfødde born i Thailand har leppe-, ganespalte eller misdannningar i ansiktet.
– Det er to grunnar til at talet for desse skadene er så høgt, det eine er genetikk og det andre er at mor ikkje får i seg dei rette vitaminene og maten ho treng. Spesielt mangelen på folsyre i svangerskapet er ein faktor, har Wenche blitt forklart.
Før kvar mission må det gjerast ein stor jobb for å marknadsføra at det skal arrangerast gratis operasjonar på desse datoane. Organisasjonane når ut til pasientane gjennom nærradio, aviser og dei eksisterande sjukehusa sine nettverk.
Trur på Karma
Lyssand fortel vidare at dei sjuke borna har vansker med å eta og å snakka, og at fleire av dei døyr av underernæring før dei blir 1 år.
– Innbyggjarane trur på karma og at dei må betala for noko dei har gjort gale i eit tidlegare liv. Dei skadde borna blir gøymd vekk og utestengt frå det sosiale livet.
Første dagen i Mae Hong Son fekk Gunvor, Svein, Wenche og dottera Vibeke treffa nokre born frå ein flyktningleir som skulle undersøkjast for operasjon. Dei frivillige fekk denne dagen treffa dei ein stad utanfor leiren og dei delte ut klær og leikar til borna.
– Av dei 98 som ønska operasjon var det born både frå flyktningsleiren og frå Hilltribe-folket i området.
66 fekk operasjon
Andre dagen var på det lokale sjukehuset der organisasjonen hadde leigd fire operasjonsrom.
– Vi blei fordelt på 14 stasjonar der nokre registrerte pasientar og andre tok bilde. Mi oppgåve var å dela ut ein «smiley-bag» med diverse toalettartiklar til dei som var blitt valt ut til å få operasjon, og som skulle overnatta på sjukehuset.
66 av dei blei plukka ut. Nokre kunne ikkje opererast fordi dei hadde feber eller sjuke på anna vis, og nokre var så skadd at dei måtte opererast på eit større sjukehus.
– 13 av dei blei vidaresendt til sjukehuset i Chiang Mai for operasjon der. Dette var meir kompliserte tilfeller, for eksempel med tilleggsdiagnosar.
– Har vore med å redda liv
Den tredje dagen starta operasjonane som varer utover veka. Medan Gunvor og Svein fekk vera med på operasjonssalen gjekk Vibeke og Wenche rundt og leika og tulla med borna og heldt humøret oppe.
– Nokre av borna må ha opp til 5 operasjonar, og har dei fått den første operasjonen, vil ein gjennom «Kids Action for Kids» få alle dei vidare operasjonane og eit verdig liv.
– Dette var stort å få vera med på. Vi sat alle igjen med kjensla om at vi hadde vore med å redda liv.
Hjelper vidare frå Os
Heime i Os igjen etter 5 veker i Thailand så klarer Lyssand ikkje å gløyma kva ho har vore med på. Ho har engasjert seg vidare og arbeider no med å få samla inn penger til fleire operasjonar.
– Ein operasjon kostar 5000 kroner, og eit stort firma i Bangkok matchar kvar krone vi får inn. Så samlar eg inn 5000 så har eg faktisk klart å skaffa to operasjoner til nokon som treng det, fortel ei engasjert Lyssand, som seier ho vil gjera det ho kan for å hjelpa.
– Om andre òg vil engasjera seg så hadde det vore fantastisk. Kids Action for Kids er jo opprinneleg ein organisasjon der born samlar inn pengar til born, så om det er nokon yngre der ute som vil involvera seg så hadde det vore kjempefint, seier Wenche Lyssand.