Samferdsle | 12. juni 2024

Rygging i kø då trafikklysa svikta

Det blei ein litt knotete start på dagen for mange som køyrde på Byvegen.

Rygging i kø då trafikklysa svikta
Kø møtte kø då lysa i 07.30-tida blinka gult. (Foto: tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 12. juni 2024 07:14

Byvegen, som har eitt felt stengt frå kryss med Idrettsvegen og kryss med Gymnasvegen, er lysregulert døgnet rundt mens arbeidet pågår.

I motsetnad til trafikklysa som blei bruykte på Hegglandsdalsvegen ved Vallabrua i 2021 og 2022, har desse i Byvegen fungert stabilt.

Men onsdag i 07.30-tida var det blinkande gult lys.

Den eine enden av køen ser ikkje rundt svingen til den andre, og då begge køane køyrde samtidig, blei det møte på midten.

Vegtrafikksentralen hadde ikkje høyrd om vanskane då Midtsiden tok kontakt litt før klokka 08.

Då var det ifølgje Google Maps si trafikkovervaking også orden i rekkene.

– Eg kjenner ikkje til denne frå før, men entreprenør og leverandør av lys var nok varsla umiddelbart, seier prosjektleiar i Bjørnafjorden kommune, Siril Langhelle.

Ho er deler inntrykket av at lysa stort sett har vore stabile sidan start.

– Eg kjenner til eitt anna tilfelle. I helga var det nokon som delte noko om lysa på Facebook. Då kontakta eg entreprenør for å høyra om dei var på saka, og det var dei.

Det eine feltet på Byvegen har vore stengt sidan måndag 12. februar.

Arbeidet som blir utført er legging av nytt vatn og avlaup frå Os nord til Os sentrum.

Måndag 3. juni og fram til 14. juni er også Gymnasvegen stengt ved kryss med Byvegen.

Arbeidet på Byvegen er planlagt å halda fram til fredag 5. juli.

Det er Løvaas Maskin og Rørleggeriet som utfører arbeidet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.