Samferdsle | 15. jan. 2024

Kø og kaos rundt Os sentrum

Vanskelege forhold opp Hatvikvegen får følgjer i sentrum, på Byvegen og Mobergsbakken.

Kø og kaos rundt Os sentrum
Kø på Byvegen grunna stopp i Mobergsbakken måndag morgon.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 15. jan. 2024 07:43

Søndag var det krevjande køyreforhold fleire stadar i Os. Måndag morgon held vanskane fram.

– Det ser ut til å vera kaos i Mobergsbakken. Her er det fleire som har problem, seier tipsar.

Oppdatert kl 09.39: Det ser no ut til å gå trafikk begge retningar på Hatvikvegen nær Os sentrum. Klokka 09.51 blei det stadfesta av politi at vegen er opna.

Oppdatert kl 08.49: Hatvikvegen er no stengt retning Hatvik frå Os sentrum.

Oppdatert kl 08.14: Hovudproblemet er opp Hatvikvegen frå Os sentrum. Politiet opplyser at det er rundt ti bilar som ikkje kkem seg opp, og må bergast.

Google Maps si trafikkovervaking viser trafikken står i ro opp bakken fram til kryss Solstrandvegen.
Google Maps si trafikkovervaking viser trafikken står i ro opp bakken fram til kryss Solstrandvegen.

Det får følgjer ned i Os sentrum, med køar på Byvegen og Hatvikvegen.

Køane strekk seg i 08.40-tida til Moberg og til rundkøyringa ved Meny.

– Det er òg svært glatte parti andre stadar, som Byvegen mellom Søfteland og Flåten, legg han til.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.