Ryddar vegen i Hegglandsdalen
Arbeidet med å rydda Hegglandsdalsvegen starta 1. nyttårsdag. Vegen er open for biler under 3,5 meter høgde.
På førmiddagen starta arbeida med å rydda fylkesveg 137 gjennom Hegglandsdalen. Dei første meldingane gjekk ut på at det tidlegst ville bli rydda laurdag, noko som skapte frustrasjon hos innbyggjarar på innsida av dei velta trea.
– Eg snakka nett med vegvesenet. Dei fortalte at arbeidet var i gang og at dei håpar å få opna vegen seinare i dag, fortel Anne Kjersti Storebø, vakthavande brannbefal ved Os brann, redning og beredskap.
Storebø presiserar at opninga ikkje er stadfesta frå vegvesenet.
Vegen gjennom Hegglandsdalen har vore stengt sidan onsdag då fleire store tre bles over vegen i den sterke vinden.
Oppdatert: Statens Vegvesen melder på sine sider at vegen er open for mindre køyrety:
«Stengt for kjøretøy med høyde større enn 3,5 meter på grunn av opprydningsarbeid.»