Samferdsle | 05. juli 2024

«Rydda» parkeringsplassen før Tysnesfest

Vegvesenet fjerna bil på Halhjem.

«Rydda» parkeringsplassen før Tysnesfest
Ein av dei parkerte bilane på Halhjem er utan skilt og har stått over tid. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 05. juli 2024 07:53

Det einaste notatet politiet i Os har frå torsdagen, er frå Statens vegvesen.

– Dei taua i går vekk eit køyetøy frå Halhjem ferjekai, fortel politiførstebetjent Morten Haugland.

Bilen har stått parkert over ein lengre periode, og er utan skilt.

Dermed har det blitt éin ekstra parkeringsplass til neste helg. Då går Tysnesfest av stabelen, og kampen om parkeringsplassane på Halhjem er venta å ta seg opp.

Statens vegvesen har òg hatt kontroll ved Svegatjørn denne veka. Onsdag fann dei ulike ting å reagera på.

Her er resultatet etter dagens trafikkontroll på Svegatjørn kontrollplass i Os.

– 4 sjåførar fekk til saman 7 åtvaringar for brot på køyre- og kviletidsreglane.

– Éin fekk 1000 kroner i gebyr, og føretaket fekk 2000 kroner i gebyr, for brot på køyre- og kviletidsreglane, opplyser Roald Berentsen.

Elles ramsar Berentsen opp:

  • To sjåførar måtte sikra lasta betre før videre kjøring.
  • 1 tilhengar hadde skadd/defekt hjullager og fikk ikkje køyra videre med dette.
  • 4 køyretøy fekk teknisk mangel for feil med lys.
  • 1 køyretøy fekk teknisk mangel då det var montert solfilm på sideruter fremfor B-stolpen.
  • 1 køyretøy fekk teknisk mangel då det var luftlekkasje fra trykkluftanlegget.
  • 1 køyretøy fekk teknisk mangel for skade på hjulskjerm, lause boltar mellom hovudramme og hjelperamme og skade på felgbeskyttelse.
  • To bussar fekk teknisk mangel da brannslokningsapparat ikke var godkjent innen tidsfristen.
  • Ein sjåfør måtte fjerna sikthindrande gjenstandar i siktsonen.
  • 1 kjøretøy fekk ikkje køyra videre før mangel med transportdokumenter var retta opp i. Her blir det òg sendt ein rapport til samferdselskontoret.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.