Politi | 04. aug. 2021
Delte ut 14 parkeringsbøter
Politiet var to rundar på Halhjem tysdag.
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 04. aug. 2021 09:59
Tysdag i 20.40-tida var politiet på Halhjem ferjekai for å sjekka parkeringa på kaien.
Det har vore ei utfordring den siste tida, spesielt etter at det blei gratis å reisa utan bil.
Nokre av dei feilparkerte har stått på fortau og plen, andre har sperra for elbil-lading eller for gassanlegget.
At prisane for å ta med bil i sommar gjekk ned med 25 prosent, har ikkje heilt rydda vekk problemet.
– 13 gebyr blei skrive ut, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.
Patruljen var ute igjen klokka 2205 og oppdaga nok ein syndar.
Alle gebyra blei lagte i frontruta på bilane.