Rosa sløyfe heile året!
– Vi veit at mammografi reddar liv.
Takk til Kreftforeningen, Rosa sløyfe-aksjonen og fokus på brystkreft i heile oktober.
Innlegget om Senada på Midtsiden rører oss. Det same gjeld Dorthea i eit anna innslag på Midtsiden om det same tema.
Det er ikkje vanskeleg å sjå viktigheita med å få på plass eit utvida program når det gjeld tilbod om mammografi også for dei under 50 år.
Det er me i FrP heilt einige med kreftforeininga om.
Silje Hjemdal (FrP) har allereie stilt helseminister Vestre spørsmål i Stortinget om å utvida mammografi programmet.
Spørsmålet vart stilt 8. oktober, og blei svara av Vestre den 15.oktober.
Hjemdal spør, «Kva er status for å utvide Mammografiprogrammet til fleire aldersgrupper?».
Svaret frå Vestre kan kortast ned til at ein har starta ein utredning for å vurdera ei utviding av programmet. Og ein ventar på ein rapport.
FrP trenger ikkje ein rapport. Ei heller ei utredning.
Vi veit at mammografi reddar liv.
Vårt naboland som vi kan samanlikne oss med har allereie gjort noko med det.
FrP vil arbeida for ei betre kvinnehelse. Både når det gjeld kreft og andre kvinnerelaterte sjukdommar.
Vi trenger difor gode samarbeidsaktørar som kan løfta kvinnehelsa saman med oss.
Vi trenger Rosa sløyfe-fokus heile året!
Laila Reiertsen
Bjørnafjorden FrP