Roleg Osfest-helg for politiet
– Det har stort sett vore stille og roleg, oppsummerer politiet. Ein blei rett nok tatt for fyllekøyring.
Politibetjent Anne Lyssand ved Os lensmannskontor fortel at det i det store og heile har vore ei roleg helg for politiet, trass Osfest.
– Vi hadde jo ekstramannskap på i tillegg til den faste patruljen. Sjølv var eg på vakt fredagen og vi hadde ikkje eitt oppdrag oppe på sjølve festivalområdet. Men det er klart nokre små oppdrag andre stader i sentrum blei det. Mellomanna då ein kar datt i sjøen ned i hamna, fortel Lyssand.
Tok fyllekøyrar
Lyssand var ikkje sjølv på vakt laurdagen med ser ut frå loggen at også den var relativt roleg.
– Litt støy frå båtar og nokre personar som måtte bortvisast i sentrum var det, men ikkje dei heilt store tinga då heller.
– Ein kar i 30 åra blei rett nok stoppa for fyllekøyring i sentrum klokka 02.22 natt til søndag. Der tok patrulja frå han nøklane og førarkortet og sak blei oppretta, seier Lyssand.
Skal undersøka bilbrannane
Natt til søndag brann to bilar, ein i Midtbøvegen og ein på Søvikneset.
– Krimteknisk i Bergen er varsla og kjem opp her for å undersøke bilvraka for å sjå om dei kan finne ut kva som forårsaka brannane. Førebels veit vi ikkje kvifor dei byrja brenne.