Mann falt i sjøen
Ein mann i 70-åra falt i sjøen på vei ombord i ein båt fredag.
Rett før klokka 19 fekk politiet i Os melding om at ein mann hadde falt i sjøen i det han var på vei ombord i ein båt ved brygga i Os hamn.
– Eit vitne høyrde plasket og såg at mannen låg med hovudet undet vatnet og hoppa då uti for å hjelpa han, fortel operasjonsleiar Eivind Hellesund frå Vest politidistrikt.
Redningsmannen klarte å halda hovudet hans over vatnet, fleire kom til og ved hjelp av tau klarte dei å få mannen opp på land.
– Etter at han var komen på land var ikkje mannen lett å ha med å gjera og han var i tillegg overstadig rusa.
Mannen blei køyrd til legevakten for sjekk.
Kasta parasollar i sentrum
Tidlegare på dagen, rett før klokka 13 kom det in melding om ein hissig fyr i Os sentrum.
– Mannen kasta mellom anna rundt på parasollar som var i sentrum og patruljen ilte til.
– Politiet kjente til mannen frå før, dei fekk han til å få tinga på plass igjen og han blei beden om å forlata staden.
Kajakkpadlar med problem
Ein kajakkpadlar fekk problem utanfor Solstrand fredag på samme tid.
– Han hadde problem med å koma seg opp att i kajakken og folk frå hotellet rodde ut og hjelpte han. Padlaren, som var ein britist turist, hadde då vore i vatnet i rundt 20 minutt.
Han fekk tilsyn av lege og alt var ok.
Fotgjengar nær påkøyrd
Klokka 14.49 ringte det inn ei kvinne og fortalde at ho var nær blitt påkøyrd då ho skulle kryssa det lysregulerte overgangsfeltet ved Best.
– Kvinna hadde fått med seg delar av registreringsnummeret og at det var ein kvit varebil. Patruljen var ute og leita etter bilen, men fann den ikkje.
Natt til laurdag blei fire menn i 20- åra bortvist frå sentrum på grunn av dårleg oppførsel.
Tok festen litt langt
Når det nærma seg laurdag morgon, klokka 05.24 kom det klage på høg musikk frå ein båt som låg til kai i Os hamn.
Politiet rykte ut og fekk slått av musikken.
– I båten var det tre godt rusa menn med oppførsel tilsvarande promillen, fortel Hellesund.