Røde Kors deler ut frå eigne grasrotmidlar
Gir vekk 100.000 kroner delt på to mottakarar.
Os Røde Kors har eit eldre årsmøtevedtak på at styret skal dela ut halvparten av grasrotmidlane til gode formål i Os.
– For 2023 ser det ut til at grasrotmidlene vil enda på cirka 200.000 kroner, og styret vedtok derfor på sist møte at 100.000 kroner skal delast ut, fortel Os Røde Kors i ei pressemelding.
Styret bestemte seg òg for kven som skal dela dei 100.000 kroner.
Pengane blir delte likt mellom Brøddamo til varer ho meiner det er behov for, og Prosjekt Hjartetre, til innkjøp av julegåver.
Begge har nyleg vore omtalt. Brøddamo har vore ute i lokalmedia med lesarinnlegg om aukande behov.
Prosjekt Hjartetre fekk nyleg òg midlar av Sparebanken Vest, og blei avduka under AMFI Os si julelystenning for ei god veke sidan.
– Bakgrunnen for årsmøtevedtaket er at grasrotmidlane er pengar gitt av innbyggarar i Os, og Os Røde Kors synest det er naturleg at delar av desse nyttast til konkrete, sosiale tiltak lokalt, forklarer Røde Kors.
Resten av midlane nyttast i Røde Kors-arbeidet i Os – til å finansiera utstyr og beredskapstiltak til hjelpekorpset og beredskapsvaktane, aktivitetar for eldre, einsame og flyktningar i besøkstenesta og til ungane i Barnas Røde Kors.
Årsmøtevedtaket seier at pengene skal nyttes på konkrete tiltak, ikkje til driftstøtte eller liknande.
Tidlegare år er det gitt hjartestartarar til ulike institusjonar, treningssyklar og bålpanne til Luranetunet, kvilebenkar som Os Pensjonistforening set ut og tilskot til innkjøp av varer til ideelle organisasjonar som driv sosial verksemd i Os.