Gir 10 000 til el-sykkel
Os Røde Kors gir 10 000 kroner til el-sykkel på dementavdelinga på Luranetunet.
Bjørg Randi Lekven, tilsett på dementavdelinga på Luranetunet, er initiativtakar til innsamlingsaksjonen for å samla inn 80 000 kroner til innkjøp av el-sykkel, slik at bebuarane kan komma seg ut og få frisk luft i håret.
• Les òg: Kjøper el-sykkel til demente
Fredag fekk ho eit solid bidrag til aksjonen då leiar i Os Røde Kors, Nina Solvår Sælen overrekte ein sjekk på 10 000 kroner.
– Os Røde Kors har bestemt at nokre av midla som kjem inn frå grasrotandelen skal koma innbyggjarane i kommunen til gode. Vi har i fleire år gitt støtte til ulike institusjonar og andre, fortel Sælen.
– Denne gongen har vi bestemt oss å gje 10 000 kroner til dementavdelinga på Luranetunet til innkjøp av el-sykkel til bebuerane. Styret i Os Røde Kors tykte at dette var eit særs godt tiltak for å gje bebuerane ein betre kvardag.
– Vi håper vårt bidrag vil vera med på å nå målet, slik at sykkelen snart kan vera på plass, seier Sælen.