Fekk båre til 50.000 kroner
Rullande gåve for lettare redning.
Under utdanningsmessa på Nore Neset, som starta i dag, gav arrangør Os Lions ei båre i gåve til Os Røde Kors hjelpekorps.
– Vi er overvelda! Dei vi har frå før er 50 år gamle armébårer, med unntak av ei samanleggbar, men også denne krev fire mann, seier Atle Vågstøl, leiar i hjelpekorpset.
Båra har avtagbart hjul og brems, og den kan delast i fire for enkel transport til ulykkesstaden.
– Desse bårene er bygd for alpin redning. Om ikkje vi har så mykje snø i Os, har vi likevel alpint terreng. Denne eignar seg godt til blant anna redning av personar som er skadd på fjelltur.
Ofte er det luftambulanse som hentar skadde folk i fjellet, men om vêr, terreng eller vegetasjon gjer det vanskeleg, er det folk på bakken som må til.
Deler ut 200.000 kroner i året
Harald Grotle, president i Os Lions, seier Lions har eit tydeleg økonomisk skilje mellom drift og aktivitet.
– Aktivitetar, som denne messa, tulipansal og tidlegare loppemarknadar, går i éin kasse. Drift i ein annan.
25 % av det som blir delt ut til allmennyttige formål går lokalt, 25 % er nasjonalt og 50 % går til internasjonal innsats.
– I fjor delte vi ut oppunder 200.000 kroner i Os, vi kjem nok til å landa på nokolunde det same i år.
– Vi er glade for å kunna hjelpa og, i denne samanhengen, skapa betre tryggleik for dei som bur i Os, seier Grotle.
Lions Club International er verdas største humanitære organisasjon. Lions fyller 100 år i år.