Helse | 06. mars 2024

Prest og president samlar russetropp til innsamling mot kreft

Gler seg til aksjon til helga.

Prest og president samlar russetropp til innsamling mot kreft
Heidi Rebekka Bruarøy Hamilton og Amalie Lundervik Sælen. (Foto: Susann Haukeland Børnes)
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnesonsdag 06. mars 2024 21:22

Det er mars og tid for Kreftforeningens innsamlingsaksjon, tidlegare kalla Krafttak mot kreft.

Russen på Os gymnas hadde i haust tema-dagar der dei oppfordra elevar til å gå i rosa, blått og gult for å visa støtte til dei som blir råka av ulike typar kreft.

No gjer dei seg klare for å delta på innsamlingaksjonen.

Russestyret prøver å samla flest mogleg elevar til å delta i innsamlinga søndag.

Slutt med kontantar

Heller ikkje i år skal ikkje elevane gå med bøsse. Men dei kjem heim til deg.

I staden for å be om kontantar har dei QR-kode du kan scanna for å gi bidrag - heilt anonymt.

– Vi bryr oss ikkje om beløp, vi håpar berre at flest mogleg tar imot «bøssebærarane» med eit smil, og bidreg med det dei kan avsjå, seier russepresident Amalie Lundervik Sælen.

Saman med dei andre i russestyret brukar ho friminutta til å organisera innsamlingsaksjonen.

– Vi har òg klart å få med oss nokre av elevane som ikkje er russ. Alle går to og to, så då kan vi organisera det sånn at elevar utan førarkort kan gå saman med nokon som køyrer bil, fortel presten Heidi Rebekka Hamilton Bruarøy.

Håpar flest mogleg vil gi

I første friminutt er det allereie 30 elevar som har meldt seg på for å gå.

Russen hadde diska opp kakesal i friminuttet, til inntekt for kreftforeninga, då Midtsiden møtte dei.

– Vi synest det er viktig å visa at vi støttar saka, og gler oss til å gå, fortel jentene samstemd.

Dei fortel at dersom nokon ikkje er heime når dei får besøk, eller ikkje får nokon på døra si søndag, så er det likevel mogleg å bidra.

– Du kan gå inn på Kreftforeningen si side og velja ei innsamling du ønskjer å bidra til.

Hovudaksjonen er søndagen. Sælen og Bruarøy fortel at det òg vil vera elevar som går laurdag og måndag.

I år går pengane til forskning sånn at alle kreftpasientar som kan ha nytte av det, får tilbod om ein gentest tidlegare i forløpet - og den beste behandlinga basert på resultata.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.