Spørsmål om kreft fekk nesten all russen til å reisa seg
Denne veka tar Os-russen sitt årlege Krafttak mot kreft. I dag var det ein slagkraftig kickoff.
Onsdag var årets russekull frå Os Gymnas og Os vgs samla på gymnaset for Krafttak mot kreft-kickoff.
Søndag er den store dagen, då skal russen få utdelt bøsser på skulane sine, før dei går til sine område for å samla inn via bøsser eller vipps.
– Enkelte har fått lov å starta dagen før, blant anna fordi dei skulle stå på senteret. Alle vil uansett har merkte bøsser og legitimasjon, seier Vegard Strønen Skeie, russepresident ved Os Gymnas.
Seansen i dag starta med å visa Kreftforeningen sin video for årets krafttak.
(Artikkelen held fram under videoen)
– Det er lett å tenkja at 500 kroner her og 1500 kroner der ikkje har så mykje å seia. Men i fjor samla russen ved denne skulen åleine inn 150.000 kroner. Skulane på Vestlandet kom opp i 6,2 millionar kroner, på landsbasis bidrog russen med heile 42 millionar kroner, sa Skeie.
Han presiserte at det var viktig å dela inn Osbygda på ein god måte, og at alle heldt seg til områda dei fekk tildelt.
– Målet er ikkje berre å samla inn så mykje som mogleg, men at flest mogleg får sjanse til å gi.
Færre enn 1 av 10 overlever
Fokusområde for årets aksjon er krefttypar som mange dør av.
I dag overlever 7 av 10 nordmenn kreft, men bak statistikken skjuler det seg store forskjellar.
Det er framleis fleire kreftformar som svært få overlever. Lungekreft og bukspyttkjertelkreft er blant desse.
To av ti overlever lungekreft og færre enn éin av ti overlever bukspyttkjertelkreft.
Personleg vri og høg målsetnad
Så blei han meir personleg, og fortalte om to personar han går for før han oppfordra medelevane å gjera det same.
– Kven i salen har besteforeldre som er eller har vore ramma av kreft?
Mange reiste seg.
Så følgde han opp med onkel, tante, foreldre, søsken, klassekameratar, naboar og bekjente. Til slutt sto så og seia alle.
– Eg ville at alle skulle tenkja over om dei hadde noko personleg å gå for, det kan auka innsatsvilja. Det er ei viktig sak, og det ser ut som om alle tar aksjonen på alvor. Eg sa at målet var å auka frå 150.000 til 250.000. Det er kanskje eit høgt mål, men eg meiner uansett at det skal vera potensiale for å setja ny rekord, og då må vi ha eit mål å strekkja oss etter.