Politi | 13. des. 2023

Politiet hadde fire kontrollar i Os i går

Fart, promille og åtferd ved stoppskilt sto på programmet i går.

Politiet hadde fire kontrollar i Os i går
Politiet hadde kontroll fire stadar i går, blant anna på Lepsøyvegen. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnesonsdag 13. des. 2023 08:59

Tirsdag gjennomførte politiet totalt fire kontrollar.

Denne veka er det aksjonsveka, kor politiet har særskilt merksemd på køyring i rus.

Den første kontrollen blei gjennomført i Kolskogen litt før klokka 09.

Politiet saman med Statens vegvesen kontrollerte 127 tunge køyretøy og 57 lette køyretøy.

Totalt blei det gitt éit gebyr.

Av dei 184 kontrollerte var det ein som ikkje hadde med seg førarkort og fekk eit gebyr på 500 kroner for det.

I 12-tida hadde politiet ein laserkontroll i 50-sona på Lepsøyvegen.

Det blei gitt fire forenkla forelegg, der høgaste fart blei målt til 59 km/t.

Det førte til eit forelegg på 3000 kroner.

Ein halvtime seinare hadde dei ein trafikkkontroll på Søfteland.

Politiet stod i 70-sona på kontrollplassen i Storestraumen.

Resultatet blei ni forenkla forelegg.

Høgaste fart blei målt til 83 km/t, noko som fører til eit forelegg på 4800 kroner.

Om lag klokka 14.30 gjennomførte politiet ein kontroll av stoppskilt i Lepsøykrysset.

Der var det tre personar som fekk forenkla forelegg - kvar av dei må ut med heile 9700 kroner i tillegg til tre prikkar på førarkortet.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.