Politi | 12. des. 2023

Fekk ikkje kontakt med passasjer

Ung mann henta av ambulanse. I tillegg var politiet ute på brann i busskur og ulovleg bål.

Fekk ikkje kontakt med passasjer
Ambulanse rykte ut til Os terminal måndag morgon. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 12. des. 2023 07:55

Måndag klokka 07.35 rykte politiet ut til Os terminal etter melding om ein busspassasjer som ikkje vakna.

– Vi kom fram til ein sovande mann i midten av 20-åra. Det var vanskeleg å få kontakt med vedkomande, så ambulanse blei tilkalla, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Oppdraget blei overtatt av ambulansepersonellet.

Måndag kveld blei det utrykking til bål og brann.

– I 20.40-tida rykte vi ut til ei adresse i Os aust, der ei kvinne i 60-åra hadde eit hagebål. Brannvesenet sløkte bålet og vi har oppretta sak.

Bålet var ikkje ute av kontroll, men hadde innhald politiet meiner ikkje høyrer heime i eit hagebål.

I 23-tida kom det melding om brann i eit busskur på Hatvikvegen.

– Det røykte godt frå eit bosspann. Årsaka kan vera bruk av fyrverkeri. Vi har fått forklaring av vitne på staden og oppretta sak.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.