Politi | 10. des. 2023

Køyrde fort nok til fengselsstraff

Målt til 137 km/t.

Køyrde fort nok til fengselsstraff
Politiet hadde fartskontroll i 80-sona på Halhjemsvegen laurdag kveld. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 10. des. 2023 08:09

Politiet hadde fartskontroll i 80-sona på E39 Halhjemsvegen laurdag kveld.

– Det blei skive ut 17 forelegg, opplyser politioverbetjent Atle Birkeland.

Éin av dei køyrde i 110 km/t, noko som fører til 12.100 kroner i forelegg og tre prikkar på førarkortet.

Ein annan mista førarkortet.

Vedkomande blei målt til 137 km/t i 80-sona.

Ved 130 km/t ventar det samfunnsstraff, ved passerte 136 km/t blir det fengsel.

Birkeland fortel at det, trass julebordsesong og fleire russeslepp i går, var ein roleg kveld for politiet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.