Politi | 08. des. 2023

Fekk forelegg grunna dårleg sikt

Trafikkuhell i Lysefjorden og kontroll på Søfteland.

Fekk forelegg grunna dårleg sikt
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnesfredag 08. des. 2023 08:02

Torsdag i 22.30-tida blei ein bilist kontrollert ved Søfteland barneskule.

Førar, ei kvinne i 20-åra, hadde dårleg sikt.

– Ho fekk eit forelegg på 3700 kroner og vedtok på staden, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Køyrde inn i skilt

Rett før klokka 12 torsdag formiddag skjedde det eit trafikkuhell på Lyseklostervegen.

Køyretøyet sklei og traff eit skilt.

Førar er ei kvinne i 40-åra. Ho hadde òg med seg ein passasjer i bilen.

– Det var ingen personskadar. Bilen hadde låg fart, og airbagen blei ikkje utløyst, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Vegtrafikksentralen blei varsla for å reparera skiltet.

Fekk to prikkar på Halhjemsvegen

I 13.30-tida gjennomførte politiet ein fartskontroll i 70-sona på E39 Halhjemsvegen.

– Det blei skrive ut fire forelegg. Høgaste målte fart var 87 km/t, noko som fører til 6700 kroner i forelegg og to prikkar på førarkortet.

Fanga hestar i eige nabolag

I 20.45-tida fekk politiet melding om to lause hestar på Moberg.

Dei sprang i retning sheriff-kontoret.

– Ei kvinne med kjennskap til dei flotte dyra kom og hjelpte. Saman med patruljen fekk dei dyra tilbake i stallen, fortel Lyssand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.