Politi | 24. juli 2023

På patrulje i fleire båthamner

Påkøyrd hjort, avskilta bil og patrulje i fleire båthamner.

På patrulje i fleire båthamner
Båthamna på Hatvik er blant stadane politiet patruljerte i helga. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 24. juli 2023 09:13

Utanom nokre meldingar om ungdomsgjengar som samla seg på skuleområde, og mogleg hærverk, har politiet i helga fått melding om påkøyrd hjort.

– Meldinga kom klokka 01.32 natt til søndag. Hjorten blei påkøyrd på Lepsøyvegen, mellom Hagavik Hjemmebakeri og avkøyrsle til Særvoll, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Hjorten stakk frå staden. Viltkontakt blei varsla.

Natt til laurdag kontrollerte politiet ein bil på Lepsøyvegen. Bilen blei avskilta grunna manglande EU-kontroll.

Natt til søndag var politiet også innom fleire båthamner på patrulje.

– Årsaka er at det har vore ein del tjuveri av båtmotorar den siste tida.

Patruljen var innom båthamner på Hatvik, Nordstrøno, Os sentrum, Øyane og Askvik.

Dei såg ikkje noko å reagera på.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.