Politi | 21. juli 2023

MC-uhell og tjuveri av påhengsmotor

Tjuveri på Lepsøy, uhell på Lepsøyvegen.

MC-uhell og tjuveri av påhengsmotor
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 21. juli 2023 08:30

Torsdag i 12-tida fekk politiet melding om tjuveri av ein liten påhengsmotor på Lepsøy.

– Saka blir meldt og vi oppmodar båteigarar i området om å sjekka om dei har blitt utsett for tjuveri, seier vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.

– Vi oppfordrar også publikum å vera merksame og melda ifrå om dei ser framande eller mistenkeleg aktivitet i og rundt båthamner.

Brann i trailer

I 15-tida fekk politi og brannvesen melding om brann i motorrommet på ein trailer.

Traileren køyrde p åLyseklostervegen då brannen oppsto.

– Brannvesenet fekk raskt kontroll på brannen. Førar, ein mann i 30-åra, blei ikkje skadd av røyken eller brannen.

Politiet har rutinemessig oppretta sak.

Nytt MC-uhell på Lepsøyvegen

Måndag var det eit MC-uhell i Irgenskrysset, laurdag var det eit MC-uhell på Lepsøyvegen.

I går var det nok eit uhell på Lepsøyvegen.

– Det var ei singelulykke. MC-førar, ein mann i 40-åra, framsto lettare skadd, men blei tatt med til Haukeland sjukehus.

Politiet har oppretta sak. Det er ikkje tatt beslag i førarkortet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.