Vêret i Os | 27. sep. 2023

Over tusen lynnedslag i natt

Farevarsel om styrtregn og lyn skal vera over klokka 09.

Over tusen lynnedslag i natt
Lynnedslaga i og rundt Bjørnafjorden dei siste 12 timane, ifølgje Meteorologisk institutt. (Kart: lyn.met.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 27. sep. 2023 06:45

Meteorologisk institutt hadde sendt ut farevarsel om styrregn på Vestlandet tysdag og natt til onsdag.

Det var òg varsla lyn.

Regnet kom noko tidlegare, og i noko mindre mengder enn venta.

Men lynnedslag blei det rikeleg av, over tusen i gamle Hordaland, ifølgje BT

lyn.met.no ser du nedslaga dei siste timane.

Ifølgje BKK sitt kart over straumutkoplingar, er det ingen som er utan straum etter alle lynnedslaga.

Resten av dagen i dag skal få lettare vêr, men det er meldt mykje regn torsdag og ein god del nedbør også fredag og laurdag.

Yr og Storm er usamde om det skal regna heile eller halve dagen laurdag, mens søndag ligg an til å få ein tørr formiddag, men regn frå klokka 12 og ut dagen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.